Gapahukar med særpreg

Nordfjord folkehøgskule har god erfaring med å fikse tak over hovudet på tur. Vi har gapahukar både i skogen og ved sjøen.

Skogsgapahukane  

Hausten 2015 fekk vi hjelp av arkitektstudentar ved NTNU til å bygge tre flotte gapahukar i skogen ved Åsebø i Gloppen. Gapahukane er oppført med krativ og stilig design. Her er det overnattingsplass til 25 og rikeleg med sitteplassar og bålplassar til matlaging.

Sjøgapahuken

På eit svaberg ved Andenesfjøra står sjøgapahuken vår. Her er det overnattingsplass til 12-15 personar, flott bålplass og uteodo rett ved.

Reklamer