Sykling frå Haugsvarden

Nokre fjell er til å sjå på. Nokre fjell er til å gå på, og nokre er heilt klart til å sykle på. Når du skal sykle på sti og fjell, er det best med eit terreng som ikkje er altfor bratt – i alle fall når ein ikkje har drive så mykje med det før. Og rett bak skulen er det eit område som spesielt godt eigna til terrengsykling. Her finn du barskog og lauvskog med mange fine stiar. Og for dei som ynskjer seg lenger og tøffare turar, er det fleire toppar i nærleiken.

Lærar og instruktør Erlend Aunevik er ein ivrig stisyklar. Han underviser i terrengsykling, og der får elevar og gjester både lære og praktisere stisykling og teknikktrening, bygging av bærekraftige stiar, bruk av nærområde og gode møte med andre brukarar av stien.

– Den flottaste ruta er den ned frå Haugsvarden, seier Erlend. Haugsvarden er eit fjell på 862 moh, og ligg rett bak skulen. Langs stien er det flott utsikt med fjord på begge sider, og det er ein fantastisk sykkeltur. Turen endar opp på skulen, og då har du fått nesten 800 høgde- meter med alt du måtte ynskje deg av sykling og utfordringar.

HS Terrengsykling 8

Nordfjord folkehøgskule samarbeider med lokale grunneigarar, idrettslag og turistnæring om etablering og vedlikehald av sykkelstiar i nærområdet til skulen. Desse er klare til bruk både si skuledrifta og i turistsesongen.

Ta kontakt med oss for informasjon om ruter og leige av sykkkel med eller utan instruktør!

Reklamer