Om nordfjordsommar.no

Nordfjordsommar.no er samlesida for Nordfjord folkehøgskule si forretningsdrift utover det som skjer i skuleåret. Om sommaren leiger vi ut rom og anlegg og legg til rette for friluftslivaktivitetar og leirar. Heile året tilbyr vi selskapslokale, servering og catering.

Vi held til i Gloppen i Midtre Nordfjord, i ei bygd som heiter Vereide og som ligg 7 km vest for tettstaden Sandane. Det tar fem minutt å gå ned til fjorden. Der har vi naust med båtar og kajakkar.  Går vi andre vegen, er flotte gapahukar og stiar for både fotturar og terrengsykkel innan rekkevidde.

Og sett vi oss i bilen, er det kort veg til surfestrendene på Stad og breopplevingane i Stryn og Jølster.

Kontaktinformasjon:

Nordfjord folkehøgskule

Vereide

6823 Sandane

Telefon: 57 86 80 40

E-post: kontor@friluftslivskulen.no

Reklamer